
USN
@USN_info
Followers
2K
Following
854
Media
1K
Statuses
3K
Universitetet i Sørøst-Norge - Kunnskap for fremtiden / University of South-Eastern Norway - Knowledge for the future
Buskerud, Vestfold, Telemark
Joined May 2013
I dag besøkte forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland campus Vestfold. Ho fekk innblikk i breidda i utdanning og forsking, snakka med studentar og prøve å føre eit skip i simuleringsparken for maritime fag.
0
0
0
Vil du vere oppdatert? Sjå debattane våre frå Arendalsveka 💡Du finn lenkje til opptaka her:
0
0
2
Digitaliseringsminister Karianne Tung fekk sjå korleis vi utviklar mikrobrikker, sensorar og annan kritisk teknologi – sjølve kjernen i digitaliseringa. – Eg er superimponert over kva de får til. Slik teknologi er eit av dei viktigaste områda for Noreg framover, sa Tung.
0
0
0
Vi gler oss til å innta Arendalsveka med full styrke. Vi løftar viktige spørsmål og inviterer til samtalar som gjer deg klokare på både samfunn, forsking og framtid. Du kan følgje debattane våre digitalt her: 🙂
0
0
0
Magnus frå Son vil revolusjonere manuell plastpakking i varehandelen. No har han fått éin million i støtte og intensjonsavtalar med store aktørar. Les heile historen: @VestbyAvis
0
0
1
I dag 5. juni er verdsmiljødagen. Dagen skal mobilisere til handling frå alle verdshjørne, for å feire, verne og gjenopprette planeten vår. Studentar på bachelor i natur og miljøforvaltning får kunnskap som kan bidra til å snu utviklinga:
1
0
0
Ny doktorgrad på norske fiolinar. Benjamin Rygh har hatt blikket både som utøvar og handverker, så vel som forskar, i arbeidet med å dokumentera norske fiolinar:
0
0
1
Mahdieh Gholamimayani forskar på korleis gjere mikroskop mykje betre enn dei vi har i dag. Eit høgopplausleg biletbehandlingsmikroskop er nødvendig for å overvake og identifisere fine detaljar i biologiske prøver og levande celler:
1
0
0
15. april kl. 23:59 – fristen for å søkje høgare utdanning nærmar seg. Her fortel studentane våre om studievala sine, og karriereveilder gir gode råd til både deg som skal søkje studium og foreldre om korleis rettleie ungdommen heime:
1
0
1
Forskarskulen på Kongsberg haustar anerkjenning for den unike modellen sin. Industrien blir brukt som eit levande laboratorium. Målet er å leggje til rette for at forskinga til doktorgradskandidatane skal bli betre og meir arbeidslivsrelevant:
1
0
0
På kvinnedagen heiar vi på våre mange kvinnelege tilsette og studentar. Nybakt vinnar av Mesterens meister, Hedda Berntsen, er forskar hos oss. Berre éi kvinne hadde vunne konkurransen før. – Då var det jaggu bra at eg vann. Les heile 8. mars-intervjuet:
0
0
1
Fan Chen har i doktorgrada forska på å forbetre fosformateriale i LED-lys for å gi sterkare og varmare belysning, noko som er viktig både for heim og arbeidsplassar:
0
0
0
Doktorgrada til Atle Rønnestad Kaasin utforskar korleis fellesskap blir etablert ved skulestart i første klasse. Funna kan vere nyttige for skular som ønskjer å diskutere og forbetre velkomstarrangementa sine: @utdanningsnytt
0
0
0
Doktorgrada til Neema Daniel Kaaya handlar om å forstå nettverka blant reisemålsselskap i Noreg, for å fremje berekraft og robusthet hos aktørar i reiselivsbransjen:
0
0
0
Håkon Osland Sandvik har forska på kvifor kommersialiseringa av autonome løysingar, som sjølvkøyrande bilar og båtar, går tregt trass i stor mediemerksemd. Doktorgrada understrekar at marknadsbygging må skje parallelt med teknologiutvikling:
0
0
1
Vi heiar på Hedda Berntsen som jobbar hos oss som forskar, og håpar ho går heile vegen og blir Mesternes meister 2025 👏💪
0
0
0
I dag har maritime studentar og maritime selskap gjort seg lekre for kvarandre på karrieredagen. Hos oss kan du velje bachelor i nautikk, marinteknisk drift, som er Noregs einaste maskinoffiserbachelor, og skipsfart og logistikk:
0
0
3
Vil du spe på med meir og ny kunnskap, samtidig som du får fleksibilitet til å studere ved sida av kvardagen? Vidareutdanning kan vere akkurat det du treng. Du kan til dømes velje å ta berre eitt enkelt emne utan å binde deg til eit heilt studieløp:
1
0
0
Fleire eldre og mangel på helsepersonell krev innovative løysingar for å utnytte ressursane. Elin Saga har forska på korleis oppgåvegliding – der sjukepleiarar utfører oppgåver som tradisjonelt har tilhøyrt legar – kan vere ein del av løysinga:
0
0
0
Lær noko nytt frå forskarane våre på biblioteket ditt. På Lørdagsuniversitetet møter du forskarane ansikt til ansikt, høyrer foredrag om aktuelle tema og kan bli med på diskusjonen etterpå. Sjekk når vi kjem til biblioteket nær deg:
0
0
0